Åshild

Er utdanna sjukepleiar og arbeidde som det i nærare 30 år før kunsten tok heilt overhand. Etter 2 år på KIB ( Kunstskulen i Bergen), mangeårig deltaking på Vossaskulen for Biletkunst, ulike fotokurs og kunsthistoriestudiar ved Folkeuniversitetet i Hordaland , var eg klar til å ta fatt i eige atelier på full tid. Arbeidet i Voss Kunstlag, både som styremedlem og leiar, har også gjeve nyttig lærdom og mange spennande utfordringar. Er medlem i Kunstvandringa på Voss.

Utdanning

2012 Vossaskulen for biletkunst v/ Thomas Pihl

2011 Fotokurs: Nils Olav Mevatne

2010 Morten Krogvold Workshop

2011 Vossaskulen for Biletkunst v/ Helga Bu

2010 Vossaskulen for Biletkunst v/ Helga Bu

2009 Vossaskulen for biletkunst v/ Thomas Pihl

2008 Vossaskulen for biletkunst v/ Thomas Pihl

2007 Vossaskulen for biletkunst v/Thomas Pihl

2006 Vossaskulen for biletkunst v/Thomas Pihl

2005 Vossaskulen for biletkunst v/Thomas Pihl

2003 Vossaskulen for biletkunst v/Tomas Ramberg

2001 Vossaskulen for biletkunst v/Kira Wager

2003 - 2004
Kunsthistorie v/ Folkeuniversitetet i Hordaland

2000 - 2002
KIB Kunstskolen i Bergen

1998 - 99
Elsa Ekaas sin kunstskole
Elev under: Gerd Franzen, Käte Elin Madsen,
Hannu Kontinen

1970 - 73 Bergen Diakonissehjems sykepleierhøgskole

Arbeidsprosessen

Eg har arbeidd både med akryl og oljemåling, men dei siste åra har akrylmåling i kombinasjon med silketrykk, blitt det eg har jobba mest med. Det er alltid spennande å lære seg nye teknikkar, undersøkje ulike malemedium, underlag og formale problemstillingar.

Det er mykje som kan inspirere og tematikken kan variere frå år til år, men det er alltid godt for sjela å koma ut i naturen. Gleda mi over grøftekantblomen er like stor som over mektige fjell og kontrastane mellom snø, stein, vatn og skog. Og lyset mellom trea. Og skodda. Skodde som lagar eit gjennomskinleg slør, som fortrollar og forenklar. Eg arbeider også med prosessar i naturen. Med vekst og fall. Med det som er skjørt og vart, i naturen og i livet.
Eg er glad i å fotografere og prøver å fange augeblikka som fasinerer, som skaper skinande små stunder i kvardagen. Foto blir brukt både som eiga kunstform og som inspirasjon for måleriet. Måleria blir til gjennom ein langsom prosess. Eg brukar akrylmåling, ofte i flytande lag som treng lang tørketid, og silketrykk. Lag på lag. Å skape ro i bileta og gje ei god kjensle for den som ser er eit mål for meg.

Å bli ein god kunstnar er ikkje noko ein kan lesa seg til. Det er ein langsam prosess som må erfarast og modnast over tid. Kanskje når ein aldri målet. Eg er enno i startgropa, heldigvis er vegen mot målet interessant og verdifull i seg sjølv.

atelier Åshild